Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 129

 

 



Stemningsfullt med folkekjære salmar

(2016-11-05) I kveld er det kvelden før Helgemesse og ein kveld der mange har som tradisjon å tenne lys på gravene til sine kjære. Det er også ein mangeårig tradisjon at vi inviterer til vår Helgemesse-konsert der vi spelar frå samleskatten vår.

Når vi skriv november er det ikkje sjølvsagt at vêret er på vår side for utespeling. I år vakna vi til ein dag med stri vind som gjorde det vanskeleg å halde notestativ og notar på plass, på kyrkjegarden. For andre gong på dei tolv åra vi har hatt denne konserten, måtte vi trekke inn i kyrkja.

Vi spelte ein halvtimes konsert med kjende og kjære salmar og tilbakemeldingar publikum tyder på at det ikkje berre er vi musikarar som tykkjer dette er ein fin og stemningsfull konsert.

Etter avslutta speling har vi også tradisjon for å gå ein runde på kyrkjegarden og tenne lys på gravene til avlidne korpsmedlemmar. Det er ein fin måte å minnest deira innsats i korpset. Nokre ga av seg og si tid i ein mannsalder og vel så det, medan andre gjekk bort alt for tidleg.

Vi takkar for denne gong og voner på gjensyn neste år. Då er konserten ein del av vårt 70-årsjubileumsprogram.

    Utskriftsvennlig versjon