Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 192

 

 



Stor gåve frå Gåveinstituttet
 
Ingen draum - her har vi fått det svart på kvitt også.

(2016-11-12) For ei god veke sidan fekk styreleiar telefon frå Laila Hansen i Indre Sogn Sparebank om at korpset var tildelt heile 50.000 kroner frå Gåveinstituttet.

Vi takkar på det varmaste for gåva!

– Denne gåva er særdeles kjærkomen og vi er svært glade, sier ein overraska og glad styreleiar.

Korpset søkte om støtte til skulekorpsarbeidet som er viktig for framtidig korpsaktivitet i bygda, men også økonomisk krevjande for korpset då vi må hente instruktørressursar utanbygds frå.

Vi nyttar også høvet til å takke banken som fast generalsponsor heilt sidan vi lanserte sponsorprogrammet "Symfoni" for 9 år sidan.

    Utskriftsvennlig versjon