Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 190

 

 



Triveleg korpstreff
Anders Mo er leiar i Flåm Musikklag og ynskjer musikarar og gjestar velkomne.
 
Vi ventar på vår tur i konsertrekkefølga.
 
Anders Mo er leiar i Flåm Musikklag og ynskjer musikarar og gjestar velkomne.
 
Anders Mo er leiar i Flåm Musikklag og ynskjer musikarar og gjestar velkomne.
 
Damene i vertskapskorpset hadde ikkje øvd berre på musikkinnslag. Her eit dansenummer frå festen.
 
Damene i vertskapskorpset hadde ikkje øvd berre på musikkinnslag. Her eit dansenummer frå festen.

(2016-11-20) Før alle korps gjev seg hen til julemusikken, var sognekorpsa på vår side av fjorden inviterte til heilaften i Flåm samfunnshus. Flåm Musikklag har som tradisjon til å invitere korpsvener og publikum til både konsert og fest.

Feiande korpskonsert

Dei som fann vegen til konserten, fekk høyre fire korps i storslag. Det vart spelt feiande marsjar, storbandgroove og vare viser.

Først ut var Øvre Årdal Janitsjar som verkeleg meistrar storband-sjangeren. Det var berre å lene seg tilbake og nyte kjende låtar som mellom anna "Autumn Leaves" og "Georgia On My Mind".

Lærdal Musikklag fulgte opp med slagere som "We'll meet again" og "Cabaret", før dei inviterte med seg Årdalstangen Musikklag på eit potpopurri av låtar frå musikalen "Les Miserables". Tidvis har ofte korps dei same stykka på repertoaret og då er det veldig kjekt å nytte slike høve til å spele saman.

Vi starta vårt konsertbidrag med marsjen "76 Trombones" - litt pussig sidan vi ikkje har trombonar i korpset for tida. Så fulgte to kjende rolege låtar, "Hello" og "Den finast eg veit" før vi avslutta med den rytmiske "Reet Petite".

Flåm Musikklag som vertskap, avslutta konserten med La Storia som er eit filmmusikk utan film etterfulgt av legendariske Irving Berlin sin først slager "Alexander Ragtime Band". Deretter vart vi tekne med til Alpane med "An Maxl Steiner" før dei avslutta med "The Standard of St. George" komponert av den britiske storprodusenten av militærmasjar, Kenneth J. Alford. Dei hadde også med seg vår dirigent, Ben Hirons, på ess-trompet.


Fest med sosekjøt og sviskegraut

Fest i regi av Flåm Musikklag startar alltid med solide porsjonar med sosekjøt og svisegraut. Med Olina Roti på godt over 80 år, i spissen, syter Musikkens Vener alltid for at musikarar og andre gjester vert gode og mette. Vi er mange som misunner like mykje som vi unner, Flåm Musikklag den hjelpa dei har i Musikkens Vener.

Då maten var fortært og praten gjekk livleg rundt borda, dukka sambygding Ketil Thorbjørnsen opp med gitar og bidro med musikk og song.

Vel verd å nemne frå festen er damene i Flåm Musikklag sitt underhaldingsinnslag frå scena. Ein svart/kvitt-dans med optisk illusjon vel verd ein lokalrevy.

Me takkar for invitasjonen, for gode musikkopplevingar og triveleg lag.

   

Bildeglimt  
Nokre sceneglimt av dei andre korpsa som var med på konserten.


Øvre Årdal Janitsjar i aksjon under leiing av Helge Øren.

Lærdal Musikklag er klar til speling under leiing av sin dirigent Suzan Erens.

Konserten vart avslutta av vertskapet, Flåm Musikklag med Martin Hendriks.

Vår dirigent Ben Hirons, spelte med Flåm Musikklag på Ess-trompet.

Utskriftsvennlig versjon