Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 211

 

 



Musikalsk julegodt avslutta korpsåret
I samspel spelar alder inga rolle.
 
Unge baritonistar i aksjon.
 
I samspel spelar alder inga rolle.
 
I samspel spelar alder inga rolle.
 
Klassekoret ga konserten ein ny vri.
 
Klassekoret ga konserten ein ny vri.
 
Og dei song klokkeklart.
 
Og dei song klokkeklart.

(2016-12-14) «You nailed it», sa Ben Hirons til korpset etter at vi hadde spelt siste tone i julekonserten vår i går kveld. Både dirigent og korps var stornøgde med den tredje i rekka av «Musikalsk julegodt». Årdal kyrkje er eit ypparleg konsertlokale, og nærare 200 publikummarar fekk ein variert konsert med song- og speleglade ungar i aksjon saman med korpset.

Og sjølvsagt var fleire av dei kjende juleklassikarane med, i ei kyrkje kunstferdig lyssett av VDV Årdal. Vi takkar VDV for hjelpa med å lage eit stemningsfullt konsertrom.


Julegodt-vri i år

Noko av bakgrunnen for å sette opp vår eigen julekonsert for tre år sidan, var eit ynskje om å kunne spele meir julemusikk for publikum enn det det er plass for i julekonserten i regi av soknerådet. Etter to år med same konsertopplegg, valde vi å gjere nokre endringar i år. Dei to viktigaste endringane var bidraga til våre eigne skulemusikantar og eit klassekor frå 3. og 4. klasse på Tangen skule.

Klassekoret song «Vi tenner våre lykter» saman med korpset og dessutan «Jul i svingen» og «Himmel på jord» med playback. Her var det klokkeklar song og inga snubling i orda, ein fryd for øyra. For høvet var det vår visesdirigent Hilde Horpen som dirigerte både dei og korpset.

Våre skulemusikantar var sjølvsagt med på konserten sjølv om kollisjon med arrangement på skulen gjorde at vi ikkje hadde alle ni med oss. Dei spelte eit spenstig arrangement av den kjende barnevisa «Lille katt» saman med korpset. I tillegg fekk vi høyre Edward M. Tandberg på kornett i duett med Ben i to kjende julesongar.


Fekk du din julefavorittlåt?

Det er mange og sterke meiningar om kva for låtar ein berre høyre i førjulstida for å få den rette julestemninga. Det er ikkje sikkert alle fekk sin absolutte julefavorittlåt, men vi voner dei fleste fekk høyre ein av sine 10 på topp.

Vi spelte både gamle og nye låtar frå «Nu tennes tusen julelys» til «Feliz Navidad». Av nyare låtar hadde vi med oss «In the Bleak Midwinter» som eigentlig er eldgamal og Cohen sin langt nyare «Hallelujah». Vi drista oss også til å ta med noko som absolutt ikkje er julemusikk, nemleg eit utdrag av Modest Mussorgsky sin kjende suite «Pictures at an Exhibition». Kyrkja var eit drøymelokale å framføre dette i.

Like sikkert som amen i kyrkja er det at vi må avslutte ein julekonsert i Årdal kyrkje med «Fager er jordi», med publikum som songkor.

Det er vanskeleg for oss å vurdere den musikalsk heilskapen der vi sitt i korpset.  Då er det veldig kjent med dei spontane reaksjonane frå publikum.  Rørande, klangfullt, kjekt å høyre, so flott at de får ungane inn i musikken, var kommentarane etter konserten. Då veit vi at dei har hatt ein like kjekk oppleving som oss.

I staden for å ta billettpengar på denne konserten, oppfordrar vi publikum til å gje ei gåve til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja. Og dei opna lommeboka og ga over 2000 kroner til dette formålet i går.


Med 2017 og 70-årsjubileum i siktet

Oddgeir (Øren) som dirigerte korpset fram til Ben Hirons overtok i haust, har teke plass i kornettrekka og sett ei fantastisk utvikling i korpset med dirigentskiftet. «Då eg bestemde meg for å takke av som dirigent, var Ben allereie inne som musikalsk leiar for nysatsinga vår på skulemusikken. Det var difor naturleg å spørje om han ville ta på seg oppgåva som dirigent for hovudkorpset også. Eit betre val kunne vi truleg ikkje fått. Det har vore rett moro å sitte i kornettrekka og oppleve korleis hans måte å lære frå seg har gått inn hos medlemmane. Han får oss til å gjere ting som eg hadde lyst til å innføre, men som eg ikkje hadde mot til», seier han. «På julekonserten fekk me verkeleg høyre resultatet. Og når publikum gjev så tydeleg utrykk for at dei tykkjer korpset lét særs godt, er det nok for meg.»

Korpset tek no juleferie i tre veker og så går vi inn i korpset sitt 70-årsjubieum. Jubileumsaktivitetane  vert mange og allereie helga etter nyttår tek vi ein utflukt til Bergen for å niøve på repertoaret til den store jubileumskonserten vår laurdag 11. februar. Merk deg gjerne datoen allereie no, men uansett tal arrangement vi endar på i jubileumsåret, er den musikalske utviklinga den aller viktigaste. Den skal skje på korpset sine vilkår. Slik korpset utviklar seg no og slik lysta og interessa for å øve er, skal me sjå lyst på jubileumsåret. Vi merkar ikkje so godt utviklinga som einskildmusikarar i det daglege. Det er når vi sit i samspel som på denne konserten, at vi merkar resultata.

Vel møtt til eit nytt år med korpset i 2017.

   

Fleire glimt frå konserten  


Nøgd dirigent og nøgde skulemusikantar.

Hilde dirigerar korpset og kor.

Edward og Ben spelar duett.

Utskriftsvennlig versjon