Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 663 877

 

 



Verd å feire!

(2017-01-22) Vi gler oss til eit jubileumsår med mykje liv og leven. Vi er slett ikkje bland dei eldste amatørkorpsa i Noreg, men 70 år er ein respektabel alder og då må ein kunne tillate seg å feire skikkeleg. Først ut er jubileumskonserten om ca. 3 veker. Vi voner du vert med på å fylle kinosalen til siste plass.

Sidan oppstarten i 1947 har korpset vore eit fast og vi voner, kjært innslag blant anna på festdagane i mai og elles ved andre store arrangement i bygda. Og ikkje berre musikalsk.

Vi voner vi kan halde fram likeins dei kommande 70 åra – og då er du, sambygding, ein viktig bidragsytar. Kom på konserten - vær med å fylle kinosalen til siste sete.

Kva får du høre?

Som korps kan vi framføre musikk på mange ulike måtar, blant anna med innleigde song- og instrumentsolistar, saman med band eller heilt aleine som oss sjølv. Denne konserten er "berre" med oss og du får høyre all slags korpsmusikk. Feiande marsjar, klassiske stykke og kjende populærlåtar som speglar korpset sine 70 år.

Vi er ganske sikker på at det vert den beste konserten vi kan by på, og trur du vil få ei god konsertoppleving om du tek turen.


Ei lita oppfordring

Har du spelt i korps tidlegare eller tenkt at du kanskje har lyst, så ta steget over dørstokken og kom på øving med oss. Vi er avhengig av rekruttering om bygda skal ha korps i framtida. Dessutan har vi det veldig kjekt i lag, du kan spele det instrumentet du har lyst og vi har plass til absolutt alle:

  • Tysdag er dagen.
  • Staden er kinosalen i samfunnshuset på Tangen.
  • Inngangen er i kroken på baksida mot bassenget.
  • Tidspunktet er sju på kvelden.
  • Vi stiller ikkje noko krav til kor god du er, med interesse kan ein læra.
  • Og har ein handfare eit korpsinstrument før, er det endå lettare å ta fatt.

    Utskriftsvennlig versjon