Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 714 190

 

 



Flott jubileumshelg og roleg årsmøte
Det har blitt nokre øvingstimar i små og store grupper.
 
Det har blitt nokre øvingstimar i små og store grupper.
 
Korpsminner.
 
Korpsminner.
 
Ordførar Arild Ingar Lægreid overrekk gåvesjekken på kr. 50.000 til styreleiar Wenche.
 
Ordførar Arild Ingar Lægreid overrekk gåvesjekken på kr. 50.000 til styreleiar Wenche.
 
Duka til fest på Klingenberg.
 
Duka til fest på Klingenberg.

(2017-02-16) Rakettane kvar nyttårsaftan er startskotet for travle veker i korpset. Og det vert ikkje mindre hektisk når vi har eit korpsjubileum å markere. No har vi lagt bak oss to viktige aktivitetar –jubileumskonserten sist laurdag er sjølvsagt høgdepunktet og startskotet for markeringa av korpset sitt 70-årsjubileum.

Sjølv om det ikkje er publikum til stades, er årsmøta også viktige. Det vart avvikla i rolege former denne veka.

Jubileumsførebuingar

Då vi gjekk i gang med planlegginga av korpsjubiléet, var sjølvsagt innhald og form på årskonserten eit viktig tema. Vi trong ikkje så lang tid på å bestemme oss på korleis den skulle vere. Det er musikkorps vi er og det ynskte vi også skulle prege konserten, difor ein konsert «berre» med korpset. Då er det likevel eit hav av musikk å velje mellom – marsjar, klassiske stykke, musikalmusikk og poplåtar for å nemne nokre. Og vi har mykje notar i arkivet etter 70 år!

Nå skulle jo konserten både spegle fortida og framtida, så ei lett blanding av gamalt og nytt stoff vart sett på programmet. Og vi la oss i hardtrening – for her var utfordringane store i fleire av stykka.


Endeleg konsertkveld

Sist laurdag var altså den store dagen då alt skulle framførast for publikum. Litt spente var vi kanskje då vi gjekk på scena til ein så godt som fullsett kinosal, men likevel trygge på at vi meistra stoffet godt.

Det var sikkert ikkje så mange som vart overraska over at det var marsjen «Tangingen» som fekk æra av å opne konserten. Og med trampeklapp på opningsnummeret og deretter konsertvert Jørgen Foss si lette og ledige konsertleiing, forsvann fort den nervøsiteten vi hadde. Han fekk både oss musikarar og publikum til å le – sjølv om han også hadde nokre alvorsord om kor viktig det er å ha korps i lokalmiljøa rundt omkring.

Dei neste stykka i programmet var frå korpset si første tid, hymna «Belmont» som er godt kjend bland korps og den bortimot heilt ukjende «Nordisk potpourri». Av dei mest krevjande stykka var nok både «Nordisk dans nr. 2» og «A Kletzmer Carnival». Av populærmusikk baud vi på ein medley frå «Les Miserablés», Hellbillies «Det finast eg veit» og Cohens legendariske «Hallelujah».

Ein viktig del av konserten var også dei no nummera vi hadde med nokre av skulemusikantane. I «Lille katt» var dei solistar med korpset som komp i eit spenstig arrangement. Deretter spelte vi saman ein velkjend skulekorpsmars, «Blue Bells of Scotland».

Og før vi visste ordet av det, var vi framme ved siste konsertnummer. Her hadde vi vald låten «Reet Petite» i von om at publikum skulle gå nynnande heim. Vi er godt nøgd med konserten og det verka som publikum også hadde hatt ein triveleg stund saman med oss.


Flotte jubileumsgåver

Midtvegs i den andre delen av konserten kom det ei overrasking som vi slett ikkje var budde på. At ordførar Arild Ingar Lægreid hadde med seg ei gåve var vi nok budd på, men då han bad styreleiar Wenche om å ta i mot ein gåvesjekk på kr. 50.000 kunne du nærast høyre gispet frå både korps og publikum. Det er ei gåve vi sett umåteleg stor pris på, og som er eit solid tilskot til korpsdrifta.

Men det er ikkje berre Årdal kommune som har overraska oss med gåver. Vi takkar våre nabokorps og Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag for gåvene vi fekk på jubileumsfesten etter konserten. Det same gjeld ei overraskande og sjenerøs pengegåve frå Sunde Resirk AS.

Takk til alle for gåvene som vi skal nok skal nytte med omhu for at dei skal gi mest mogleg nytte.


Roleg årsmøte

Etter ei triveleg jubileumshelg var vi attende til kvardagen og årsmøte på tysdag. Årsmøta i korpset er ei roleg og ryddig affære. Vi har tradisjon for å legge fram årsmøtedokumenta i god til før årsmøtet slik at medlemmar får førebudd seg på dei sakene som kjem opp.

Som ordstyrar sytte Arne Harry Seim for at årsmøtet vart gjennomført på den timen det vanlegvis tek. Etter mange år i styret og dei siste seks åra som leiar, takka Wenche Hals Kulset av som styreleiar.

At valkomitéen ikkje har hatt nemneverdige problem med finne ny leiar, er gledeleg å registrere. Vi trur at det arbeidet vi har gjort dei siste åra mellom anna med «Bli betre, få det betre»-programmet til NMF er medverkande til det.

Ny styreleiar er Kristin Horge som var nestleiar. Med seg har ho fått Mona Fykse som nestleiar og Harald Skjerping, Berit Margrete Grønsberg og Arne R. Bjørke som styremedlem. No skal dei ha hand om resten av jubileumsmarkeringane gjennom året. Wenche held rett nok fram med nokre oppgåver på vegne av styret, og vil dermed bidra til at hennar styrekompetanse vidareførast til det nye styret.

    Utskriftsvennlig versjon