Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 147

 

 



Gratulerer til Eikanger-Bjørsvik Musikklag!
 
 
 

(2017-04-30) I helga har det vore EM for brassband i Oostende i Belgia. Av 18 brassband frå 14 land, var det Eikanger-Bjørsvik Musikklag (EMBL) som vart utropt som Europameistrar seint i går kveld. Dirigenten vår, Ben Hirons, kan dermed også titulere seg som Europameister. Vi gratulerer både Ben og EMBL!

Tidlegare i år vart han dobbel Noregsmeistar med EMBL etter at han også var med og tok seieren i fjor.

EMBL har vore Europameistrar to gonger tidlegare, i 1988 og 1989, og dei har fleire sølvmedaljar. Dei har også vore Noregsmeistrar heile 17. gonger.

I konkurransen spelar kvart korps eit pliktnummer og eit sjølvvald stykke, og så er det totalpoengsummen som avgjer kven som vinn. EMBL vann med to poeng foran Valaisia Brass Band frå Sveits. Cory Band frå Wales kom på 3. plass med same poengsum som Valaisa. Valaisia slo EMBL med eitt poeng på pliktnummeret, men EMBL tok igjen med tre poeng på det sjølvvalde stykket.

Pliktnummeret var stykket "Where Angels Fly" av Kevin Houben. Som sjølvvald stykke spelte EMBL "Fraternity" av Thierry Deleruyelle. Dette stykket spelte dei også då dei vann NM Brass tidlegare i år.

Korpset gjev mykje av æra for sigeren til dirigent Ingar Bergby. Han har skapt tryggheit i korpset og musikarane var særs motiverte for oppgåva dei skulle gjere. Bergby dirigerte dei også til NM-sigeren i år.

Har du lyst å sjå litt frå minutta etter resultatet vart annonsert, kan du gå inn på nettsida 4BarsRest.

    Utskriftsvennlig versjon