Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 696 819

 

 



Velkommen til konsertdag 20. mai

(2017-05-09) Korpset sitt 70-årsjubleum skal markerast gjennom heile 2017. Neste arrangement med jubileumsstempel er korpstreffet «4 Korps Nefø’ sjøen» 20.mai. Då sett fire korps kursen for Indre Ofredal for ein dag med variert musikk og triveleg lag. Og publikum er sjølvsagt velkomne til å komme og høyre på musiseringa var.

Til treffet har vi invitert nabokorpsa våre frå Flåm, Lærdal og Øvre Årdal. Samarbeid om arrangement og tiltak er noko som korpset vårt er avhengig av. Musikalsk har desse korpsa samarbeidd i ei årrekkje med felles konsertar og ved at musikarar har stilt opp hjå naboen når trongen har vore der. Vi har også tilbydd ekstra ivrige musikarar til å vere med oss på større konsertar, men heile tida slik at det ikkje har gått ut over korps sin identitet. Men vi samarbeider også med andre; ÅTIL, Fjord til Fjell, Målrock, kyrkja og no også Stiftinga «Indre Ofredals Vener». Her deler vi både på det arrangementstekniske og programinnhald.


Kvifor «Nefø’ sjøen»?

Dei andre korpsa inviterer jamleg til arrangement med kvar sin eigenart; kyrkjekonsert i Øvre, konsert med sosekjøt og dans attåt i Flåm og Lærdal Musikklag slår til med både tyrollertema og hurtigspeltema i sine arrangement. Vi har ikkje hatt tradisjonar for liknande arrangement utanom gjestekorps på enkelte konsertar. Vi føler difor at det er «vår tur» til å lage til eit korpstreff no.

Årdal satsar no store ressursar på å bygge opp reiselivet som ein viktig næringsveg. For å lukkast med dette, er vi avhengig av at alle bidreg – både kommune, næringsliv, organisasjonar og privatpersonar.

Vi tenkte vårt bidrag kunne vere å legge korpstreffet til Indre Ofredal. Vi satsar på godt vær og voner at vi klarar å lokke nokre publikummarar ut, som ikkje har sett denne perla ved Sognefjorden før. Her jobbar ein gjeng eldsjelar med å sette i stand det gamle anlegget, som har ei unik historie og med turistpotensiale.


Litt om programmet for dagen


Vi startar programmet med ein marsjstafett. Korpsa står oppstilt samla og spelar ein marsj kvar i tur og orden. Først det eine – so det andre, tredje, fjerde -og tilbake til det første att. Slagverkarar og dirigentar er dei einaste som må skifte på plassane. Litt seinare på dagen kan du få med deg ein ein tradisjonell konsert der korpsa spelar sitt 20-minuttarsprogram. Og så er korpsa oppmoda om å sette saman smågrupper som kan øve inn noko på førehand. Eller på impuls danne slike i løpet av dagen, snike seg «ut i buskene» for øving og framføre resultatet mot slutten av dagen.

Innimellom dette kan du få ei omvising på anlegget med guide, kjøpe grillmat og drikkevarer, delta på konkuransar og aktivitetar. Tanken er at me skal få til ein slags musikalsk marknadsdag. Og kvelden planlegg vi å avslutte med dans på vollen med musikk frå korpsmusikarar som til dømes også trakterar trekkspel. Etterpå dreg eit, forhåpentlegvis, godt nøgd publikum heim. Kva korpsa finn på etter den tid, er ikkje godt å seie. Ein gong tidlegare havna to av korpsa på nachspiel i ein privat hage til stor fornøyelse for nabolaget.

Me ønskjer at treffet skal bli so vellukka at det vert ein tradisjon etterkvart; same stad - same helg – same gjengen og kanskje fleire med.

Sjå plakaten for tidspunkt og anna praktisk informasjon.

Velkommen til ein musikalsk dag "Nefø' sjøen".

    Utskriftsvennlig versjon