Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 203

 

 


Djupdykk i notearkivet

Wenche har bedt meg skrive ned nokre ord om notearkivet vårt og det gjer eg meir enn gjerne. Saman med Arne Harry har eg registrert det "på data". Alle enkeltstykker og ensemblehefter er registrert. Det samla talet er ca. 750 titlar! Enno står det att eit stort arbeid med arkivet til skulemusikken, instrumenta våre og andre effekter.

I prosessen har det dukka opp mange "kuriositetar" som nærast var gløymde. Mange gode minner knytta til enkelte av titlane dukka opp. Her kjem eit lite knippe av dei.


Kuriositetar i fleng!

Kuriositetane våre er det vel mest Asle som er opphavsmannen til. I tida då korpset skulle feire sitt 30-årsjubileum hadde vi ein historisk aktivitetstopp. Korpset kjøpte nye instrument til alle musikarar samstundes med at vi vart dressa opp med nye uniformar. Vi var på tur til England og jubileum vart feira med brask og bram.

I denne perioden komponerte Asle også "Tangingen"” som no er kjenningsmelodien vår. Eg trur alle i korpset tykkjer det er ein flott marsj. Til jubileumsferinga så ville vi gjere noko nytt; bryte litt med etablert skikk og bruk. Det var vanleg at gjester (slike vi i dag kallar sponsorar) dukka opp på konsert og fest med gavesjekkar. Korpset gjorde noko i tillegg. Vi ba Asle om å komponere nokre musikkstykke, helst ein marsj til tre av støttespelarane vår oppgjennom tidene: Årdal kommune, Indre Sogn Sparebank og Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag. Dei vart innøvd til jubileumskonserten og handskrevne partitur i fint omslag vart overrekt dei respektive under konserten. Stykka har også "heftingar" ved seg; dei skal nemleg ikkje spelast av andre korps enn vårt.

Forutan komposisjonar av Asle finn vi også to som er komponert av yngre folk. Jan Erik Christenesen komponerte sin eigen marsj ”Con Inspiration” og Catrine Stedje laga sin vesle komposisjon ”Skolegutt”. Asle arrangerte dei og begge vart framført. Catrine fekk t.o.m. dirigere sin sang. Gode minner som kallar på både smil og respekt.


Utradisjonelle solistar

På mange av stykka har vi hatt med solistar på instrument som til vanleg ikkje vert nytta i lag med oss. Sang vart og er etterkvart meir og meir vanleg. Sangsolistar har vi hatt mange gonger. Mange korps som driv med prosjekt hankar inn eit komp for å auke den musikalske spennvidda. Vi har ved ei par høve prøvd oss med gitarsolistar på mellom anna "Aranjuez mon amour"-konserten og "The Rose".

Trekkspel har vi også hatt med oss. Solist var Hogne i "Fagre Stryn" og "En aften på Erdal". Men det mest orginale er vel solist på støvsugar. Arild Nundal, som til dagleg var slagverkar, tok utfordringa - sette støvsugaren på blås og sykkelslange i enden. Sjeldan har "I natt eg drøymde" lete meir orginalt. Instrumentet av merke Nilfisk står framleis på instrumentrommet – utan etui.


Eikanger Bjørsvik, Black Dyke og andre

Eg går utfrå at det enno er att folk i rekkene som hugsar opplevinga når EBML og Black Dyke spelte "Tangingen"”. Der var det ikkje naudsynt med innøving, nei. Rett på i eit utruleg tempo - ikkje høyrde eg noko feil. Eller når vi kom til Oslo og "Hakadal Musikkorps" tok i mot oss med same marsjen, og vi svara tilbake med "Hakadøl’n". Nok ein gong Asle sitt verk, der "Kjerringa med staven" er hovudtema.

- Oddgeir -

    Utskriftsvennlig versjon