Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 779 894

 

 



Veteranar med futt i
Unge utgåver av dagens heiderspersonar, Oddgeir i midten bak og Arne Harry framme til høgre.
 
Unge utgåver av dagens heiderspersonar, Oddgeir i midten bak og Arne Harry framme til høgre.
 
Arne Harry Seim.
 
Arne Harry Seim.
 
Oddgeir Øren.
 
Oddgeir Øren.

(2019-03-16) På korpset sin årskonsert i går, laurdag 16/3, vart Arne Harry Seim og Oddgeir Øren tildelt æresmedlemskap i Årdalstangen Musikklag. Dei som kjenner korpset, kjenner også til den innsatsen som desse to har lagt ned for korpset i meir enn en mannsalder.

Korpset har statuttar for ulike heidersteikn og kvart år tar styret ein gjennomgang av kven som skal ha slike markeringar. I statuttane til korpset står det at «æresmedlemskap kan tildelast personar som arbeidar eller har arbeidd aktivt for korpset og som på ein særleg fortenestefull måte har vore med på utvikling av korpset og realisering av mål.»

For styret er det ikkje kvardagskost for å utnemne æresmedlemmar, seier styreleiar Kristin Horge. Då me gjorde opp status for heidersteikn for 2018, fann vi ut at tida eigentleg var overmogen for å utnemne både Arne Harry og Oddgeir til æresmedlemmar. Ho seier at ingen av dei er spesielt opptekne av heidersteikn, men denne gongen kjem dei ikkje unna, og ho gledde seg verkeleg til å overraske dei på årskonserten.


Velfortente æresmedlemsskap

Både Arne Harry og Oddgeir starta korpskarrierane sine i skulemusikken på Tangen, Arne Harry i 1954 og Oddgeir i 1962. Då må dei ha blitt beten skikkeleg av korpsbasillen, for sidan har dei knapt utan avbrot, vore aktive i korpsa på Årdalstangen. Etter nokre år i skulemusikken, gjekk dei over i Fagforeningens Musikklag – det som vart til Årdalstangen Ungdomskorps og i dag er Årdalstangen Musikklag. Det eine året dei gjorde militærteneste, fann dei også eit korps å spele i der dei var. I tillegg til å vere aktive musikarar, har begge to ei årrekkje med tillitsverv for korpset.


Arne Harry Seim
Då han var tidleg i 20-åra, i 1965, gjekk Arne Harry inn i styret i Fagforeningens Musikklag. I 13 år var han sekretær før han tok over i som styreleiar i to år frå 1978. Så kom det nokre år utan styreverv, men i 1994 tok han over som styreleiar og var det samanhengande i 17 år, til 2011.

I desse åra har det vore både medgang og motgang. Spesielt dei fyrste åra på 90-talet var det kritisk for korpset med fleire inaktive år, men med ukueleg pågangsmot har Arne Harry jobba saman med mellom anna Oddgeir, med å halde liv i korpset. Han har alltid hatt trua på at det er liv laga for korps på Tangen. Og i dag ser vi at innsatsen har bore frukt. Vi kan framleis godt bli endå fleire, men har hatt eit svakt aukande medlemstal det siste tiåret og er vel musikalsk sett betre enn nokon sinne.






Oddgeir Øren
Oddgeir kom inn i styret i korpset i siste halvdel av 70-talet og var styreleiar i 6 år fram til 1982. Seinare på 90-talet var han styremedlem i 6 år og deretter nestleiar i 2 år i 2010/11. Parallelt med dette, var han ein krumtapp i skulemusikken og var mellom anna både initiativtakar til og sentral i gjennomføring av Fjordfestivalen i dei fire åra den var arrangert. I tillegg har han også hatt tillitsverv i Sogn/Sogn og Fjordane Musikkrins og NMF Nordvest.

Det største innsatsen til Oddgeir er nok likevel dirigentjobben han har gjort for korpset frå han overtok etter Asle Aanes i 2000. Heilt uerfaren, men med eit pågangsmot og iver utan like etter å skaffe seg dirigentutdanning.

Oddgeir dirigerte korpset i 16 år fram til Ben Hirons tok over i 2016. Frå hausten 2018 er han attende som dirigent, med same iver som tidlegare. Initiativet til å engasjere Erling Myrseth som gjestedirigent til konserten i går, er det Oddgeir som tok. Han trur fullt og fast på at vi som musikarar vil utvikle seg under varierande dirigentar/instruktørar. Og så får han sjølv høve til å spele med korpset – spelelidenskapen er just ikkje redusert med åra.



Veteranar med futt i

Korpset nyt framleis godt av innsatsen til dei to veteranane. Dei er ikkje vanskelege å be om ei teneste, men det viktigaste er nok at dei tek hand om ganske mange driftsoppgåver heilt uoppfordra. Stolar og utstyr står klart på øvingsdagane, «klubbhola» vår bak kinosalen er velutstyrt, notar og instrument sirleg ordna og alt vert registrert i datasystemet vi nyttar.

Mange andre ting kunne også vore trukke fram, lista er nærast uendeleg. Og ikkje minst er dei viktige kulturberarar for vidareføring av dei særtrekka vi ynskjer skal prege korpset. På denne måten avlastar dei styret for ein del oppgåver som gjer kvardagen for styremedlemmar enklare. Mange korps nyt godt av slike eldsjelar, men vi er veldig takknemlege og glade for den innsatsen dei gjer, seier Kristin Horge.


Spesiallaga æresdiplom

Som sagt, er ikkje utnemning av æresmedlemmar kvardagskost i korpset. Det store spørsmålet som styret måtte finne ut av, var kva slags æresbevis ein skulle lage. Ein kom raskt fram til at dei ikkje ynskte eit tradisjonelt diplom, plakett eller liknade – det vart for kjedeleg.

Då korpset hadde konserten «Blå botn» med Karl Seglem i 2016, gjorde Reidun Vinda ein fantastisk jobb med scenografien. Sidan den gong har ho teke steget med å livnære seg som biletkunstnar med base i Berlin. Det fall ganske naturleg å ta kontakt med ho og høyre om ho kunne ta oppdraget med å lage æresbevis med særpreg.

Med utgangspunkt i teksten til marsjen vår «Tangingen», fann Reidun raskt ut at det var naturleg å ta utgangspunkt i «tangenfargane» gul og blå. «Symbolsk gult som gjev varme og musikalsk glede. Dei repeterande notane som Asle Aanes laga, teksten av Oddgeir; evige rytmar ein terpar og øver på igjen og igjen - lik bylgjene på flotte «Tangafjorden». Med tilgang til flotte foto av hovudpersonane frå pure ungdom til no er det både nostalgi, poesi og evigvarande draumar i bileta. Som innramming har eg nytta håndskorne treråmer belagt med ekte bladsølv. Skikkeleg handverk nett lik messinginstrumenta dei to æresmedlemmane spelar på, og innsatsen deira i korpset.»

Om det å få slike oppdrag, seier Reidun dette: «Musikken har alltid inspirert meg og er eit nødvende for meg. Eg har vokse opp med øving og terping rundt meg - og no med sambuar som kvar dag terpar minst to-tre timar på trompet - teknikk og frijazz. Eg får aldri fred, men er sjeleglad for det. At de ser, spør og gjev meg eit oppdrag som dette; er ikkje berre ei ære, men og viktig for meg som har følgt hjarte, satsa på utdanning innan kunst at eg vert sett, spurd - små og større oppdrag er like stort. Det betyr mykje. So tusen takk for oppdraget og gratulera so mykje til dei to flotte æresmedlemmane.»

    Utskriftsvennlig versjon