(2019-10-28) For tida kosar både unge og gamle korpsmusikarar seg med øving på fin julemusikk. Vi gler oss stort til å by på musikalsk julegodt onsdag 11. desember i Årdal kyrkje. Då spelar vi jula inn med variert julemusikk som vi tykkjer kler både kyrkjerommet og årstida.
Du får høyre "vaksenkorpset" og Tangen Skulemusikk både kvar for seg og saman. Vi har også med oss ein fin bukett songarar frå VDV, med Elizabeth Stewart Søvik i spissen. Og sjølvsagt skal du få høve til å synge med litt også. Vi voner mange tek turen til kyrkja for å høyre på oss. Konserten er gratis, men du kan gjerne gje ei gåve til barne-/ungdomsarbeidet i kyrkja.
|