Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 905 335

 

 



Takk for 1,5 millionar kroner i sponsorbidrag!

(2020-03-20) Det er ein rar søndag. I dag skulle vi eigentleg kvilt ut etter ei hektisk seminar- og konserthelg. Vi skulle presentert flott og variert musikk som vi har øvd på lenge. Musikken får vi vente med å presentere for dykk til hausten. På konserten skulle vi også gjort stas på dei lokale bedriftene som vil vere faste støttespelarar til korpset dei neste 3 åra.

Slik gjekk det ikkje denne gongen, men vi får utnytte dei sosiale media til å gi dei litt av den merksemda og takken dei fortener. Og så får vi gje dei meir heider til hausten.

Grovt rekna kan vi dele inntektene våre i tre like store delar; medlemmane sin eigeninnsats, sponsormidlar og ikkje minst grasrotgjevarane våre. Vi starta sponsorprogrammet vårt i 2008 og dei aller fleste bedriftene har vore med sidan den gongen. Til saman har dei støtte korpset med omkring 1,5 millionar kroner sidan den gong! Altså – 1 500 000 kroner! Det er ufatteleg mykje pengar for dei fleste, og har verkeleg vore til utruleg stor hjelp for korpset! Takk til alle bedriftene som har støtta oss gjennom desse åra.

I den kommande 3-årsperioden har vi følge av desse bedriftene:

  • Sogn Sparebank

  • Hydro Årdal Metallverk

  • Klingenberg Hotel AS

  • Årdal Kraftlag AS

  • Årdalsnett AS

  • Olav O. Hæreid AS

  • Andersen AS

  • HMR Hydeq AS

  • Indre Sogn Bil AS

  • Kleiven Sogn AS

  • Seimsdal Kraft AS

  • Årdal Blikkenslagerservice AS

  • Årdal Byggservice AS

  • Årdal Rør & Sanitær AS

  • Sogn Kontorsenter

  • Printfarm AS


  • Vi oppmoder alle til å handle lokalt og den oppfordringa har vel aldri vore så aktuell som i desse dagar!

        Utskriftsvennlig versjon