Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Bli med og spill med oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Bli med og spill med oss!

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 047 641

 

 



Bli med og spill med oss!
 
Oddgeir Øren er attende som dirigent frå hausten 2021.
Erling Myrseth er gjestedirigent til 75-årsjubileumet i 2022.
 
Erling Myrseth er gjestedirigent til 75-årsjubileumet i 2022.

(2021-08-03) Vi er eit tradisjonsrikt musikkorps med musikantar i alle aldrar og på alle nivå. Er du tilflyttar med korpsbakgrunn eller har lyst til å ta opp att spelehobbyen, er du velkommen til å spele med oss i amatør-/vaksenkorpset. Er du føresett til born som har lyst å spele i skulekorps og soknar til Tangen skule, tilbyr vi opplæring og samspel via kulturskulen. Les meir om både vaksen- og skulemusikken nedanfor.

Den kjedelege informasjonen er at vi har ein velfungerande organisasjon og ein solid økonomi. Dugnadsinnsatsen er særs minimal uansett om du speler i vaksenkorpset eller er skulemusikant.

Dersom du ynskjer å høyre meir om oss før du tek steget inn i krinsen vår, kan du sende oss EPOST og så kontaktar vi deg.


Ungdom eller vaksen? Fersk eller rusten korpsmusikant?

I «vaksenkorpset» er vi er i dag ein gjeng på ca. 20 musikantar med stort spenn i både spelenivå og alder, og vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til å spele med oss. Er det lenge sidan du har spelt, får du god hjelp til å komme over kneika.

Du kan spele det instrumentet du sjølv ynskjer og vi har dei aller fleste instrument til gratis utlån mot betaling av medlemskontingenten på kr. 500 pr. år. Du vert også medlem av NMF med dei forsikringar og goder det medlemsskapet gir.

Vi tykkjer variasjon er kjekt, så vi gjer alt frå enkle speleoppdrag ute i lokalsamfunnet til nøye planlagde konsertar. Det einaste vi ikkje driv med, er meisterskapsspeling. Musikalsk spenner repertoaret vårt over alt frå lett underhaldningsmusikk til meir krevjande konsertstoff, alt etter kva oppdrag det gjeld. Normalt har vi omkring 15 speleoppdrag i året (pre-Corona).

Som dei fleste andre korps, samlast vi til øving ein gong i veka, tirsdagar frå kl. 1830-2030. Møtestaden er kinosalen på Årdalstangen og inngangen er frå på baksida av huset; der er det berre ei dør. Gå ned trappa og inn til høgre, så finn du oss. Bur du i Øvre og ikkje har bil, er det som regel greit å få skyss med andre medlemmar. Midtveis i øvinga har vi pause med enkel kaffimat (om smittevernreglane tillet det) der praten går lett om mangt og mykje.

Frå hausten er Oddgeir Øren attende som dirigent. Han har lang fartstid i korpset både som musikant og dirigent. I 2022 fyller korpset 75 år og sesongen 2021/22 vert sjølvsagt prega av det. Oddgeir er intitiativtakar til at vi skal ha ingen ringare enn Erling Myrseth som gjestedirigent på jubileumskonserten. Fram til konserten ein gong i 1. kvartal 2022, skal vi derfor ha tre kjekke helgeseminar med Erling og dessutan fleire dyktige instruktørar. Det eine seminaret vert lagt til Oslo-området der Erling held til.


Skulemusikktilbodet vårt

Korpset ynskjer å bidra aktivt til at skuleelevar ved Tangen skule får eit tilbod om opplæring på korpsinstrument og samspel. Dette gjer vi gjennom eit nært samarbeid med kulturskulen og dessutan Farnes Skulemusikk sidan Tangen skule pr. i dag ikkje har eige skulekorps.

Å lære seg å spele eit instrument, gir deg ein livslang hobby. Dei eldste korpsmusikantane i Noreg er godt over 90 år! Dei seinara åra har forskninga synt at hukommelsen fungerer betre hos personar som har lært å spele eit instrument og at det gir born fortrinn i både matematikk og språk. Difor er det mange gode grunnar til å starte å spele så tidleg som mogleg.

Ved å melde dine ungar inn i korpset parallelt med innmelding i kulturskulen, vil du få dekka elevkontingenten i kulturskulen av korpset og vi låner gratis ut instrument. Ungen din vert dessutan medlem i Norges Musikkorps Forbund, med dei forsikringar og goder det medlemsskapet gir. For kvart born er korpskontingenten kun kr. 500 pr. år (2021).


Med helsing
Kristin Henriksbø Horge
- Styreleiar -



Utskriftsvennlig versjon