Skulle du ha bilete av korps og korpsmedlemmar i aksjon, vil vi gjerne få dei i arkivet vårt. Send dei f.eks. til whkulset@online.no.
Nokre glimt frå Målrock-dugnaden
Korpset gjennomførte også i år sal av frukost og nattmat på festivalcamp'en under årets Målrock. Det var tildels ufyseleg vêr både på dagen og natta.
Korpsseminar i Vang
Fyrste helga i oktober hadde vi stemnemøte med Øystre Slidre Musikklag på Bøflaten Camping og Vang barneskule. Høvet var felles seminar med Erling Myrseth som inspirerande instruktør/dirigent. Været hadde vi tjuvflaks med - ikkje ofte ein kan benke seg til middag utandørs på kvelden i oktober.
Glimt frå øvingar
Våre øvingsdagar forløpar nokså likt frå gong til gong og ofte trur vi at det ikkje er noko vits i å fotografere frå desse. Om du spør ein historikar eller profesjonell fotograf, får du eit heilt anna svar. Så her er nokre glimt frå øvingane våre på tysdagar.
|
|
|
 |
Tysdag 8/11 vart nye instrument tekne i bruk.
|
|
|
Litt av kvart
Av og til gjer vi ting som ikkje involverar speling, t.d. dugnadar. Nokre glimt frå dette er også verdt å ta med seg.
 |
Siste finish på adventskalendaren.
|
|
|
 |
Inspektøren.
|
|
 |
Teljekantar!
|
|
 |
Nøgd leiar med årets kalendar.
|
|
Små og store speleoppdrag
 |
Sentrumsspeling laurdag 5/11.
|
|
|