(2016-08-18) Me ønskjer ungar velkomne som nye korpsmusikantar i Tangen Skulemusikk no i haust.
KVA TILBYR VI?- Vi gir grunnopplæring på messinginstrument som er dei berande instrumenta i korps.
- Vi tilpassar øvingstid til andre aktivitetar så langt det er mogleg. Ikkje nøl med å kontakte om de er interessert.
- Som lærar får du Ben Hirons som har har universitetsutdanning på trompet/messinginstrument.
- Du får opplæring i eller i tilknytting til skuletida i eit opplegg som er avtala med skulen.
- Opplæringa vil vere ei blanding av gruppe– og enkelttimar med lærar.
- Du vil tidleg få spele saman med andre i korpset, på konsertar og andre arrangement.
- Spelar du allereie eit korpsinstrument og ikkje er medlem i korpset, tilbyr vi ekstra instruksjon og fellesøvingar.
NB! Ynskjer du å spele klarinett, saksofon eller fløyte, ber vi om at du kontaktar Kulturskulen for å få grunnopplæringa. Korpset har ikkje instruktørar på desse instrumenta. Du er sjølvsagt velkommen som korpsmusikant på desse instrumenta også.
KVIFOR SPELE I KORPS? - Korps er ein god og livslang hobby, uansett kva nivå du ynskjer å utøve den på. Vi har ingen reservebenk.
- I korps har vi samhald på tvers av alder.
Dei yngste og dei eldste spelar saman og bidreg til felles musikalske opplevingar.
- Korps gir sjølvtillit og verdiar!
Å meistre eit instrument gir sjølvtillit. Du får trening i å opptre foran publikum og få anerkjenning og applaus frå publikum. Det er god ballast å ha med seg.
- Korps gjer deg smartare!
Forsking syner at å spele eit instrument er hjernetrim på høgt nivå. Til dømes syner ei svensk studie av fleire hundre barn over 4 år, at dei som spelte vart betre i både skriving, lesing og matematikk. Dei positive effektane var sterkare di meir musikkundervisning ungane hadde fått. Korpsmusikantar vert smarte vaksne!
KORLEIS MELDE SEG PÅ? Påmelding kan gjerast på fleire måtar:- Utfylt skjema nederst på sida og levér det skulen eller sendast til korpset si postadresse – Årdalstangen Musikklag, Postboks 78, 6885 Årdalstangen.
- Send epost til ardalstangen.musikklag@gmail.com med same informasjon som i skjemaet. Då treng du ikkje fylle ut og sende sjølve skjemaet.
KVA KOSTAR DET?Årskontingenten i korpset er kr. 450 og dekkjer instrument og anna utstyr, instruksjon og undervisningsmateriell samt forsikring av både musikant og instrument ism. korpsaktivitetar.
BAKGRUNNMidt på 1990-talet vart Tangen Skulemusikk nedlagt og Årdalstangen Musikklag overtok eignelutane til korpset etter avtale med Tangen skule. Korpset endra organisasjonsform frå vaksenkorps til generasjonskorps og har sidan hatt ungar/ungdommar med i korpset.
Den største utfordringa har vore å kunne gje god opplæring til nye musikantar, spesielt på messinginstrument som er dei berande instrumenta i eit korps.
Korpset har gjennomført eit organisasjonsprogram med assistanse frå Norges Musikkorps Forbund. Resultatet var mellom anna ei erkjenning av at det er naudsynt med heilt ny tenking/innsats om det skal vere eit korps på Tangen i framtida:
- Folketalet på Tangen er tilstrekkeleg for å kunne ha eit godt korpstmiljø for både unge og vaksne.
- Tangen Skulemusikk skal reetablerast som eiga avdeling i ÅML. Denne organiseringa vert støtta av skuleleiinga ved Tangen skule.
- Skulemusikken treng ein dirigent/instruktør med messinginstrument som sitt spesialfelt. Kulturskulen har ikkje messingressursar tilgjengeleg og vil ikkje få det i overskueleg framtid.
Frå januar 2016 engasjerte difor korpset Ben Hirons som dirigent/instruktør for skulemusikken. Ben mastergrad i trompet/messinginstrument og spelar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, som er Noregs-meistrar fleire gonger - sist no i 2016.
Korpset er glad for avtalen med Årdal kommune og Kulturskulen der Ben er engasjert i ei prosjektstilling for at korpset skulle sleppe å påta seg arbeidsgjevaransvaret.
Skjema for innmelding
|