Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Bli med og spill med oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Bli med og spill med oss!
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 103 859

 

 


Ord frå dirigenten
 
Dirigent Oddgeir Øren.

(2021-08-04) Eg ynskjer nye og gamle musikantar velkommen til ny korpssesong.

Når vi no gjer oss klar til å gå i startblokka for ein ny korpssesong, er det mange tankar som svirrar i hovudet på ein dirigent. Det er mi oppgåve å finne eit variert repertoar som passar til kvar enkelt musikant. Samstundes skal dette vere høyrbart for publikumet vårt - og dei skal like det. Det vert mykje lytting og partiturblaing før ein er klar til å gå i «blokka», men no har vi eit variert og spennande repertoar å gå laus på. Noko er nytt, noko kjent frå før, noko er lett og noko er litt vrient.

Dei som kjenner meg i dirigentrolla veit at eg tykkjer ei øving utan ein god latter er ei dårleg øving. Likevel skal vi terpe, repetere, lytte og musisere oss fram til det beste lydbiletet korpset kan prestere. Eg ynskjer DEG velkommen til å vere med på denne reisa til felles glede for alle i korpset, men også til glede for publikummet vårt.

Eg starta som heilt «grøn» dirigent for ca 20 -25 år sidan. I åra som har gått, har eg fått høve til å gå i «dirigentlære» hjå nokre av dei beste korpsdirigentane i landet. Det har utan tvil gjort meg til ein betre dirigent. For meg er det viktig å forstå kvar enkelt musikant sine utfordringar, og hjelpe vedkommande til å løyse desse. Om det er noko eg ikkje klarar å hjelpe til med å få løyst, søkjer eg råd frå nettverket mitt av dyktige dirigentar rundt om i landet. Målet mitt er at du heile tida skal utvikle deg til å bli ein betre musikant.

Korpset har som motto at vi ikkje treng å bli «god», men at vi alltid skal gjere det beste vi kan. I det ligg det at det skal vere rom for alle som har lyst å spele i korpset vårt. Det spelar ingen rolle om du føler deg «dårleg», eller «flink» for den saken si skuld. Du er velkommen uansett. Alle i korpset er verdsmeistarar – i å vere seg sjølve. Om ikkje verdsmeistar, kan vi saman gjere korpset til den beste versjonen av seg sjølv nokon sinne. Eg voner du vil bli med på den reisa saman med oss.

Dersom dette freistar: Sats på Årdalstangen Musikklag – Sats på Årdal.

    Utskriftsvennlig versjon