Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Litt historie
    - Grautauser og nataknekkar
    - Kampsong for korpset
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 802 214

 

 

 




Grautauser og nataknekkar
Slike kornettar var det me kalla grautauser i guttemusikken. Kanskje   ikkje så fint forseggjorde som denne, men fasongen er slik den var på   dei kornettane me hadde i 1952, seier Atle.
 
Slike kornettar var det me kalla grautauser i guttemusikken. Kanskje ikkje så fint forseggjorde som denne, men fasongen er slik den var på dei kornettane me hadde i 1952, seier Atle.
 
Historia skriv seg heilt frå starten av Tangen Guttemusikk og hende om våren 1952. Historieforteljar er Atle Romøren. Me hadde nokre eldgamle instrument, sikkert slike som var kasserte av dei vaksne. To av kornettane var serleg stygge både i utforming og av elde. Me kalla dei "grautauser". Det var sjølvsagt gamaldagse rotasjonsventilar med stagoverføring på dei, men det som gjorde at me tykte dei var stygge var at dei kona tidleg ut fram mot sjallstykket slik at dei verka veldig tjukke og klumpete. Og det verste var at sjølve sjallstykket nesten mangla. Det var svært lite i diameter, det så ut nesten som enden på ein klarinett eller ein neverlur.

I korpset var det ein ny kornett med pumpeventilar som var perlemorbelagde på toppen og med raude filtstøytputer i ventilloket. Denne var som ein draum å sjå på, og me sto i kø for å få lov av eigarmannen til å trykka på ventilane. Såleis var det ingen stas å vera ”grautausespelar". Endå verre var det ein dag då ein av desse ikkje var kar om å få lyd i instrumentet sitt. Han bles så han vart blå, men det var berre så vidt du høyrde ein kjøvd lyd. Sjølvsagt lo me andre av han, og til meir me lo, til verre vart det for han og meir speling vart det ikkje på han den kvelden.

Dirigenten vår, urmakar Bolstad, var også instrumentreparatøren vår. Han tok kornetten med seg heim for å finna ut av mysteriet. På neste øving kom han att med kornetten og ei hasselnot. Den hadde han funne langt inni instrumentet etter å ha varma opp ei lodding og demontert ein røyrbøyle. Kornettspelaren måtte etter dette finna seg i enno eit utnamn. Han måtte ofte høyra at han spela både på grautausa og nataknekkar.

Men instrumentet dugde til å vera med på krinsstemna på Nokkaneset i Leikanger i juni 1952 der me hadde solonummera "Guttene kommer" og "Sønner av Norge".



Utskriftsvennlig versjon