Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Medlemsinfo
    - Førjulinformasjon
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 802 281

 

 

 





Førjulinformasjon
 
 
(2017-11-16) Her kjem informasjon om planlagde aktivitetar til og med årskonserten. Aktivitetskalenderen på heimesida er oppdatert også når det gjeld kaffimat-ansvar. Du finn den på same plass som før, under Medlemsinfo og Aktivitetsplan & Korpsinfo. Her har du også direkte link: Aktivitetskalendar.

Melding vert sendt ut når informasjonen her vert oppdatert.


Melding om fråvêr

Vi har same ordning som før – dersom du ikkje kan vere med, sei ifrå så tidleg som mogleg. Meldingar skal sendast til Berit Margrete på SMS til 900 35 894 eller på epost til bmgroens@online.no.


Julegateopning onsdag 29. november

Vi speler i fakkeltoget som går frå Rema 1000 kl. 17 og ved tenning av julegrana rett etterpå. Frammøte på Rema 1000 kl. 1645 - og kle deg godt etter vêret.

Repertoaret vert gjennomgått på øvinga neste veke, men vi nyttar dei same hefta som tidlegare.

Det er teke initiativ til ei lita julemesse i dei gamle Tiskû-lokala og vi skal nytte dette høvet til å selje kalendrar og lodd til basaren. Meir informasjon om dette på øving.


Musikalsk julegodt – julekonsert tysdag 5. desember

Konserten startar kl. 18:30. Det kjem nærare melding om frammøtetidspunkt før konserten. Antrekk er vanleg konsertantrekk (korpsskjorte, slips og svart bukse).

Konsertrepertoaret vårt er desse stykka:
  • The Saints Halleluljah
  • Bogoroditse Devo
  • Silent Night
  • Nordnorsk Julesalme
  • Mary's Boy Child
  • In the Bleak Midwinter
  • Mitt hjerte alltid vanker
  • Gabriellas song
  • Jul, jul, strålande jul
  • Feliz Navidad
  • Og til allsong
  • O' Come All Ye Faithful ( raud eller blå bok)
  • Vi tenner våre lykter (Julefest-hefte)
  • En stjerne skinner i natt
  • Deilig er Jorden (kvit korallbok)

Med oss på konserten får vi også skulemusikantane våre, denne gongen saman med kulturskuleelevar på korpsinstrument.

Til dykk som har FB-profil oppfordrar vi til å dele FB-arrangmentet for konserten. Gå inn på FB-sida vår, finn arrangementet og klikk på "Del". Samstundes kan du kanskje både like og følge FB-sida - to knappar du trykker på øvst på sida.


Kyrkjejubileum søndag 10. desember

Vi skal delta på jubileumsgudstenesta kl. 11. Etter gudstenesta har vi dugnad med matservering i kyrkjelydshuset.

Repertoire:
Salmar, frå den kvite korallboka:
Nr 11 - Jesus frelsar,
Nr 13 - Kjærlighet er lysets kilde
Nr 25 - Vår Gud han er
------
Nr 87 - Kimer i klokker
Nr 17 - Nu la oss takke

Postludium: The Saints Hallelulja

Informasjon om frammøte etc., kjem seinare.


Neste år

Korpsseminar i Bergen 19.-20. januar
Opplegget vert som i fjor, med felles avreise med buss på fredag og heimreise søndag ettermiddag. Meir praktisk informasjon kjem seinare.

Årskonsert laurdag 10. mars
Informasjon om dette kjem på nyåret.


Oppgjer for sal av adventskalendarer

Oppgjer for selde kalendrar kan du gjere på ein av desse måtane:
  • Betal med Vipps til ÅML Medlemsbutikken:
    • I Vipps-app’en velger du «handlevogn»-ikonet («Betal»)
    • Søk opp ÅML Medlemsbutikken
    • I staden for å taste inn beløpet, klikk på Meny-ikonet til høgre i beløpsfeltet.
    • Velg «Lotterioppgjer» og «Oppgjør for adventslotteri».
    • Bruk +/- til du får riktig tal kalendrar og vel «Legg i handlekurv»
    • Klikk på «Handlekurv» nedst og gjennomfør betalinga.

  • Sett oppgjeret inn på korpset sin bankkonto 3730.20.28509.
    • Dersom du nyttar automat i bank, send melding til Wenche med dato og beløp du har sett inn. Slike innbetalingar får nemleg ikkje nokon melding/identifikasjon på kontoutskriften.





    Utskriftsvennlig versjon