 |
|
|
Msiken, Selina og Sofie er klare for dagens 2. økt. |
|
|
|
Ein erfaren og ein nybyrjar - Marie og Ronja. |
|
|
|
Siste avtalar med 1. mai-komitéen. |
|
|
|
Det einaste vårteiknet i dag. |
(2013-05-01) Årets 1. mai her i Årdal er nok den kaldaste på utruleg mange år, nærare 30 seier nokon. Gradstokken viste ikkje mykje over null og snøbygene gjekk i fjellsidene då vi starta dagen halv åtte i dag. Ikkje dei beste vilkåra for å lokke folk ut av husa for å syne samhold og solidaritet.
Tradisjonen tru starta vi med oppmarsj og speling ved flaggheisinga framfor Rådhuset. Utover 1. mai-komitéen og korpset, var det ikkje mange ute for å få med seg starten på dagen.
Seks debutantar i gata
I dag hadde vi seks debutantar i rekkjene - aspirantar som ikkje var i tvil om at dei skulle vere med på gatemarsjering for fyrste gong då dei vart spurt på siste øving. Saman med atten andre musikantar var dei med å sette musikk til denne tradisjonsrike dagen.
Vårt program for dagen var ganske standard - frukost etter flaggheis, så speling i tog, ved appell og tale og heilt til sist ved sjukeheimen i Seimsdalen. Då er klokka blitt nærare fem og vi kunne trekkje seg attende til varme stover og sofakrokar.
Vi kryssar fingrane for at fleire varmegradar snart finn vegen inn fjorden og vert verande. Korpsmusikantar treng også litt meir varme for å springe ut i full blomst.
|