(2014-06-09) Årets Fjord til fjell-dagar er over og vi nærmar oss sommarferie. Som tidlegare år hadde vi vaffelsal frå fredag til laurdag og "sogelagskonsert" i Saltviki. Konserten i år skilde seg frå tidlegare då Farnes Skulemusikk med.
At årets marknadsdagar var lagt til pinsa, gjorde det litt utfordrande å få kabalen til å gå opp både for vaffeldugnaden og konserten. Derfor var det veldig kjekt at vi klarte å gjennomføre både dugnad og konsert som tidlegare. Og så stilte vi lag i "Farmen-konkurransen" og vart slått i støvlane av både lærarlaget frå Tangen skule og ungutar frå ÅTIL - men kjekt var det lell.
Utan Farnes Skulemusikk sitt bidrag hadde det kanskje ikkje blitt konsert i år. No er det ikkje lenge til skuleslutt og då reiser Farnes Skulemusikk på korpstur til Bornholm. Med i reisefølget har dei eit knippe skulemusikantar frå Tangen. Vi ynskjer dei ein riktig god tur.

Fleire bilete finn du her.
|