 |
|
|
Øving er kjekt! |
|
|
|
|
(2015-02-25) Heile ni år har vi hatt øving to gonger i veka frå nyttår til årskonserten i januar/februar. I år fant vi ut at at vi like godt kunne halde fram med det etter årskonserten også.
No øver vi også på torsdagar frå kl. 18 i Samfunnshuset.
Kvifor i all verda gjer vi dette?
Då vi i si tid starta med dette, var det som eit ekstra øvingstilbod til medlemmer som anten ikkje fekk med seg den vanlege øvinga eller som ynskte å øve litt meir enn ein gong i veka.
Vi er ofte litt færre på desse øvingane og det krev at ein konsentrerar seg ekstra. Ofte har ein ikkje den vanlege sidemannen å støtte seg på. I alle år har difor tilbakemeldinga vore den samme - at desse øvingane både er ekstra lærerike og kjekke. Og at vi godt kunne halde fram med det.
Så tok det ni år, men no vert dette altså ei fast øving i første omgang fram til sommaren. Øvingane er tenkt nytta til - teknikk for enkeltinstrument etter ønske og behov, - ensemblespel (altså musikk arrangert for mindre grupper) og - å øve på det vanlege repertoaret vårt.
Øvinga vil også vere eit ypperleg tilbod dersom du er tidlegare musikant og ynskjer å ta opp igjen ein kjekk hobby. Vi har flusst med plass og velkommen er du også.
|