(2015-04-22) Årdøl og tidlegare medlem hjå oss, Nils Bjørn Sæbø, spelar i dag i både Sinsen Ungdomskorps og Sinsen Veterankorps i Oslo. Han er stadig heimom og held elles kontakt med tidlegare korpsvener her i bygda. No har han nett treft igjen korpsfolk som vitja oss i Årdal på 70-talet.
Sinsen Veterankorps hadde nyleg konsert i lag med Hakadal Blæs. Der trefte han att og mimra med, hakadøler som var med til Årdal. Vi er ikkje heilt sikre på årstalet, men trur det må vere 1976. Korrigér oss gjerne dersom du hugsar betre.
Hakadal Musikkorps vart vi kjende med gjennom Rolf Myhre og Dag Foss i Schlagerforlaget. Dei var gjestekorps under stevnet som vi arrangerte det året. Dei kom hit fredag før pinseafta og var her heile pinsa. Overnatta gjorde dei på campingplassen.
Det er utruleg kjekt å treffe att folk ein har gode felles minner med. Det var heilt sikkert mange gode og morsomme historiar som vart trekt fram denne kvelden. Helsing er herved vidaresendt til alle som møtte hakadølene her i Årdal.
|