(2015-05-01) Som vi har meldt om tidlegare på heimesida, vart det ikkje speling ved flaggheis på morgonen for oss i år, men til demonstrasjonstoget var vi parat med spelbar besetning.
Om ikkje sola skein, så var det både opphaldsvêr og brukbar temperatur då vi samla oss i Vassbugen for å spele i årets tog. Det er alltid spennande å kjenne etter korleis marsjformen er etter eit år i dvale, men det gjekk overraskande bra i år også. Når publikum i tillegg seier det låt bra, så får vi vere fornøgde.
Etter fleire års fravær, hadde vi korpsfana med i toget i år. Vi har vore utan fanebærar nokre år, så vi sender ein spesiell takk til Einar Sletten som bar fana i dag.
Vi overlet til andre media å dekke arrangementet, men vi tykkjer det virkar som om dagen får stadig lågare oppslutning - i alle fall når det gjeld å gå i toget.
|