Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 802 349

 

 



Ein unik tradisjon vert til
 
Klikk på plakaten for større versjon.

(2019-10-30) Søndag 6. november for 15 år stilte vi oss opp på kyrkjetrappa heilt på eige initiativ ein ettermiddag for å spele salmar. Det var ganske tomt for folk både innanfor og utanfor kyrkjemuren, og dei få som var i nærleiken spurte om kvifor vi spelte der. Vi hadde sikkert eit svar den gongen, men no klarer ikkje å minnast kvifor. Anna enn at vi likte å spele salmar (som i dag) og dessutan at det var Helgemessesøndag.

Dette vart starten på ein kjær korpstradisjon for både oss og publikum, med kyrkjegardskonsertar i samband med Helgemesse. Vi trur kanskje at vi er det einaste korpset i landet som har denne tradisjonen, men kan sterkt anbefale den til andre korps.

Dei tre første åra spelte vi utanom gudstenestetida på Helgemessesøndagen. Også av uviss grunn, valde vi å flytte spelinga til laurdagen før Helgemesse, og til kokka fem på ettermiddagen når mørkret fell på. Den viktigaste grunnen er sikkert at mange er på kyrkjegarden på den tida for å tenne lys på gravene til sine. Når vi skriv november er det ikkje sjølvsagt at vêret er på vår side for utespeling. To gonger har vi trekt inn i kyrkja på grunn av vêret, men det er utandørs vi ynskjer å spele på denne dagen.

Til helga, laurdag 2. november, inviterar vi altså til denne lille, stemningsfulle konserten for 15. gong. Er du i nærleiken, voner vi du stoppar opp og lyttar til kjende og kjære salmar ein halvtimes tid før du dreg vidare. Det er ikkje kvelden for applaus - den tek vi gjerne imot på andre konsertar og speleoppdrag.

Etter avslutta speling har vi også tradisjon for å gå ein runde på kyrkjegarden og tenne lys på gravene til avlidne korpsmedlemmar. Det er ein fin måte å minnest deira innsats i korpset. Nokre ga av seg og si tid i ein mannsalder og vel så det, medan andre gjekk bort alt for tidleg.

    Utskriftsvennlig versjon