Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Medlemsinfo
    - Skala-øving
    - Grepstabellar
    - SmartMusic - Verktøy til hjemmeøving
    - Teksten til Tangingen
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 801 110

 

 

 




Skala-øving
 
(2016-08-16) Her finn du litt informasjon om skalaer og skalaøvingar.

Litt grunnleggande om skalaer

SKALA tyder trapp, og ei trapp består som kjent av trinn.
Så også for våre «trapper». Der operere vi med heile og halve trinn.

Vi har tre «vanlege» skalaer - DUR, MOLL og KROMATISK - der durskala er den mest vanlege.

Alle desse har forskjellig oppbygging av «trappetrinna». Dur- og moll-skalaene har 8 trinn og den kromatiske 12. Årsaken til det er at den kromatiske skalaen innheld alle # og b vi kjenner til (halvtonar), medan dei to andre «hoppar» over enkelte halvtonar. Desse hoppa vert kalla heile trinn.

Ein DUR-skala er oppbygd av 2 heile + eit halvt + 3 heile + eit halvt trinn. Korleis dette blir for C-durskalaen er vist nedanfor, men regelen gjeld for alle durskalaer:

Trinn 1: C-D = eit heilt trinn.
Me kan sette inn # for c eller b for d, som er det halve trinnet i mellom.
Trinn 2: D-E = eit heilt trinn.
Me kan sette inn 3 for d og b for e, som er det halve trinnet i mellom.
Trinn 3: E-F = eit halvt trinn. Eit # for E=F og b for F=E.
Trinn 4: F-G = heilt trinn.
Trinn 5: G-A = heilt trinn.
Trinn 6: A-H = heilt trinn.
Trinn 7: H-C = eit halvt trinn. Eit # for H=C og b for C=H.


Slik held det fra oppetter. Då får skalaen tilnamnet 2-strøken og deretter 3-strøken.

Korleis dette vert for dei andre skalaene, kjem i neste trinn. Ein høyrer ofte forskjellen på skalaene ved at durskalaen er «lystig og lett», medan mollskalaen er «vemodig og tung".

Som vedlegg nederst på sida finn du oversikt over alle durskalaene notert med både fast og tilfeldige forteikn (ein dur pr. linje). Desse er greie å øve på.



Get Adobe Reader Read file
 Skalaøvingar






Utskriftsvennlig versjon