Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Medlemsinfo
    - Informasjon om utviklingsprogrammet
    - Resultat frå SOFT-analysen
    - Visjonsutforming - innspel til styret
    - Målformuleringar - innspel til styret
    - Ein visjon og eitt mål
    - Handlingsplan 2015-2019
    - Rekrutteringsbrosjyre 2015
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 793 716

 

 

 



Dette er den nye visjonen vår!


Målformuleringar - innspel til styret
 
(2014-10-07) Sist tysdag hadde vi ein ny idédugnad i korpsutviklingsprosjektet - denne gongen var det innspel til målformulering som var tema.

Før ein kan setje seg mål, må visjonen vere formulert så ein har noko å knytte måla opp mot.

Styret presenterte sitt forslag til visjon basert på dei innspela medlemmane ga på idedugnaden i mai, og den vart godt motteke av alle.

Med denne visjonen ynskjer vi å uttrykke at vi skal vere et korps for alle musikantar anten ein er ung eller gamal, nybyrjar eller erfaren, kjempegod til å spele eller bare heilt vanleg - OG - eit korps som også skal gi eit positivt bidrag til bygda og kommunen.

Med den nye visjonen i bakhovudet gjekk vi i gang med gruppearbeid og produksjon av "gule lappar". Kva for mål skal vi ha nådd innan 5 år?

Nedanfor ser du innspela gjengitt heilt uredigert. Ser du viktige ting som du tykkjer vi har oversett, voner styret at du vil komme med dine innspel anten muntleg, SMS eller epost til ein i styret.


*****

Framleis et korps for alle
Få med dei unge.
Skulen må inn i bildet.
Opprette musikkskule der korpsopplæring blir det meste av tida.
Få med tidligere musikanter.
Må ha dirigent og instruktører for å nå desse måla.
Repertoar etter nivået blant medlemmene.
Det sosiale.

*****

Av erfaring så spelar me mykje bedre med noko innanbords, så derfor slutt med kaker i kaffipause, ta med cognac!

*****

Årdalstangen Musikklag skal innan 5 år ha hatt ein stor jubileumsfeiring saman med korps i nærleiken og jubileumsfest.

*****

LEVEDYKTIG

*****

Årdalstangen Musikklag skal innan 5 år ha oppretta eit tilbod for nye, vaksne musikantar (voksenopplæring). Bruke folk frå korpset eller andre.

*****

Vi skal innan 5 år ha 20 % av elevene på Tangen skule og totalt 4 % av innbyggaranen på Tangen som medlemmar. Korpset skal vere ettertrakta på utradisjonelle spelearenaer. 25 % av medlemmane har fulgt NMF sitt utviklingstilbod gjennom sommarmusikkleirane og vi har utvikla 2 dirigentar frå eigne rekkjer.

*****

Om 5 år må me ha klart å rekruttert 20 personar som tidlegare har spelt i aldersgruppa 25-50 år.

*****

Me skal vere med på TV-program slik som Korpsfiksert.
Vaksenopplæring
Me skal vere eit korps som aldri gir opp.

*****

Årdalstangen Musikklag skal innan 5 år vere 40 spelande medlemmer med repertoar som fyller kulturhuset på årskonserten.

*****

Ein eigen STOR JULEKONSERT KUN med Årdalstangen Musikklag og berre norske melodiar.

*****

Sosiale sammenkomstar.

*****

Styret bør lytta meir til medlemane ang. sosiale samenkomstar, turar mm.

*****

Medlemsmøte mye oftare.
Innspill frå musikantane til styret.

*****




Utskriftsvennlig versjon