Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Medlemsinfo
    - Informasjon om utviklingsprogrammet
    - Resultat frå SOFT-analysen
    - Visjonsutforming - innspel til styret
    - Målformuleringar - innspel til styret
    - Ein visjon og eitt mål
    - Handlingsplan 2015-2019
    - Rekrutteringsbrosjyre 2015
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 793 727

 

 

 




Ein visjon og eitt mål
 
(2014-10-12) Styret har diskutert seg fram til ei formulering av 5-årsmålet basert på dei innspela vi fekk på idédugnaden på øvinga tysdag 30. september.



Visjonen vår vart presentert 30. september:

Årdalstangen Musikklag - korpset for alle!


5-årsmålet vårt har vi formulert slik:

Årdalstangen Musikklag skal vere eit attraktivt generasjonskorps med ein balansert besetning på omkring 40 musikantar, og i stadig musikalsk utvikling.

Vi meiner at dette oppsummerar essensen i dei innspela vi fekk på idédugnaden, men tek gjerne mot innspel til justeringar.

Neste trinn i prosessen er å utarbeide handlingsplan som skal føre oss til målet innan 2019. Det skal styret jobbe med i løpet av november.


Fleire i aksjon

Skal vi nå målet vårt, må fleire tek eit tak i drifta av korpset. Sjølv om ikkje handlingsplanen er klar, har styret vedteke at vi må starte med oppgåvefordeling no og heller justere den etterkvart.

Dette er ÅML-kartet dei neste åra:


Vi ynskjer å ha fire hovudutval:
  • Arbeidsutval, hovudkorps
  • Arbeidsutval, juniorkorps
  • Musikkfagleg utval
  • Materialforvaltning & logistikk


  • I tillegg ynskjer vi ha å fleire som tek ansvar for heimesida (og andre sosiale medier) og med tid og stunder også eit langtidsplanleggingsutval.

    Forslag til oppgåvefordelinga mellom arbeidsgruppene finn du i vedlegget nederst på sida. Styret voner vi kan få på plass dei 4 hovudgruppene i løpet av kort tid - alt på tysdag tek vi imot melding om kvar du helst vil bidra.



    Get Adobe Reader Read file
     Oppgåvefordelinga mellom arbeidsgruppene






    Utskriftsvennlig versjon